Motbakkeløp i Lærdal - Storehaugen Opp 2024

Klar for ei utfordring? Kom til Lærdal torsdag 9. mai.

I år blir motbakkeløpet Storehaugen Opp arrangert for fjortande gang - til stor glede for både lokale og tilreisande mosjonistar.

Her får du teste deg på ca. 900 høgdemeter frå Sviggum (15 m.o.h.) til toppen av Storehaugen (908 m.o.h.).

Det er både konkurranseklasse med tidtaking og mosjonsklasse utan tidtaking.

Treng du overnatting, har vi framleis ledige rom desse dagane. Sjå ledige rom på vår bookingside.

Vi reknar med at nokre av våre gjestar er spreke nok til å ta utfordringa - lukke til!

 

Ruta til Storehaugen Opp i Lærdal 18 mai. Foto: Jan Christian Jerving/Storehaugen Opp.

 
Gasta Design